Bakgrunnen for folkerøystinga
Kommunestyret har vedteke å gjennomføre folkerøysting om målform ved Skram skole, med mål om å vurdere overgang frå bokmål til nynorsk frå skuleåret 2027/2028. Folkerøysting om målform er lovregulert og skal gjennomførast når det blir fremja krav om det, eller når kommunestyret vedtek det. Denne folkerøystinga er oppfølging av vedtak i kommunestyret frå 2022.
Kvifor gjennomfører vi ei rådgjevande folkerøysting?
Stadig færre elevar på Skram skole nyttar skulen si hovudmålform som er bokmål. I skuleåret 2025-2026 har 85% av elevane ved skulen nynorsk, fordelt på 3 årstrinn.
Dette gjev ein utfordrande undervisningssituasjon for skulen, og er integreringshemmande fordi små grupper med elevar får utfordringar med klassetilhøyrigheit.
Med bakgrunn i at ein stadig større del av elevane ved skulen vel nynorsk, gjorde Kinn kommunestyre slikt vedtak i sak 135/25, punkt 19.
Kva betyr det at røystinga er rådgjevande?
Folkerøystinga er rådgjevande. Det betyr at
- resultatet gir eit råd frå innbyggarane
- kommunestyret tek den endelege avgjerda
Det er kommunestyret som avgjer målforma ved skulen etter at røystinga er gjennomført. Dette skjer i kommunestyre sitt møte den 17. november 2026.
Kven som har rett til å røyste
Kort sagt har alle som soknar til Skram skole sin skulekrins rett til å røyste. Kunngjering av utleggingsmanntal (oversikt på dei som har rett til å røyste) skjer så snart som mogleg etter skjæringsdato 30. april 2026.
Du har rett til å røyste ved skifte av hovudmål i grunnskolen dersom du oppfyller følgande vilkår:
- Du bur i området som soknar til skolen, jf. opplæringslova § 2-6
- Du har røysterett etter valglova § 2-2
- Du er registrert i folkeregisteret som busett i kommunen seinast 30 dagar før røystemøtet
I tillegg har følgande foreldre røysterett:
- Foreldre til barn på 1.–7. trinn ved skolen
- Foreldre til barn som har fått tildelt skuleplass på 1.–7. trinn ved skolen
For å bli ført opp som røystefør forelder, må krav om dette vere sendt til eller meldt til kommunen seinast tre veker etter at røystinga første gong er kunngjort.
Slik føregår den rådgjevande folkerøystinga på førehand og valdag
Frå 1. juni til 12. juni kan du førehandsrøyste på informasjon og service i Måløy rådhus. Sjølve valdagen er måndag 15. juni. Du må vise fram gyldig legitimasjon med bilde.
Røysting går føre seg på informasjon og service i Måløy rådhus i kvardagar frå kl. 9.00 - 15.00. Røysting på valdagen skjer også på informasjon og service i Måløy rådhus frå kl. 9.00 - 19.00.
Kva skal du røyste over?
På røystesetelen står følgjande spørsmål:
«Målform ved Skram skule frå og med skuleåret 2027/2028 vert:»
Svaralternativ:
All informasjonen i denne artikkelen ligg også under menypunktet “Politikk".