I dag er 5 av totalt 6 entreprisekontrakter signert for bygging av ny brannstasjon i Florø!

Prosjektet er eit viktig løft for beredskapen i kommunen og eit betydeleg bidrag til lokal verdiskaping.  Tildeling av kontraktene er gjort med pris som einaste kriterium.

Fleire entreprisar er tildelte

Brannstasjonprosjektet er delt inn i seks del-entreprisar. Målet er å sikre god framdrift, rett kompetanse og effektiv gjennomføring.

Desse oppdraga er no tildelte

  • E1 Grunn og utenomhus: Ramsdal Maskin AS – 4,8 millionar koener
  • E2 Betong, stål og hulldekke: Consto AS – 7,1 millionar kroner
  • E3 Bygg og arkitekt: Consto AS – 23,6 millionar kroner
  • E4 Røyrinstallasjon: Klima Experten AS – 9,9 millionar kroner
  • E5 Elektro og automasjon: Ferstad Elektro AS – 5,0 millionar kroner

Entreprise E6 Ventilasjon er endå ikkje tildelt.

Styrkar beredskapen i Kinn

Den nye brannstasjonen vil gi betre fasilitetar for mannskap og utstyr, og legge til rette for ei meir moderne og effektiv beredskapsteneste. Prosjektet markerer eit viktig steg i vidareutviklinga av infrastrukturen i kommunen.