Frå oppstarten i 1981 har barnehagen vore i kontinuerleg utvikling – frå ein nybygd barnehage forma av stor dugnadsinnsats, til ein moderne barnehage med friluftsgruppe og eit mangfald av aktivitetar for barna.
Bygd på dugnad og engasjement
Då dei opna dørene 5. januar 1981, var det dugnad, måling, montering og mykje kreativitet som gjorde draumen til verkelegheit. Foreldre og personale stod på som heltar, og saman skapte dei eit trygt og godt miljø for dei første små.
Utvikling i takt med tida
Gjennom 45 år har Storevatn barnehage utvikla seg i takt med nye tider. Barnehagen har gått frå små grupper til søskengrupper, og har lagt til rette for leik, læring og kreativ utfalding gjennom mellom anna bøker og filmar laga saman med barna. Tradisjonar som sommarfestar – mellom anna med Kardemommeby som scene – har skapt gode minner for både barn og vaksne. Dei siste åra har også friluftsgruppe blitt ein viktig del av tilbodet.
Tryggleik, trivsel og tillit
Trass i endringar og utvikling, er grunnverdiane dei same: Storevatn barnehage skal vere ein stad der barna opplever tryggleik, trivsel og tillit – kvar dag.
Takk for innsatsen
Kinn kommune vil rette ei stor takk til alle barn, foreldre og tilsette som har vore ein del av Storevatn barnehage gjennom dei 45 åra. Innsatsen de legg ned, har stor verdi for både barna og lokalsamfunnet. Vi gratulerer Storevatn barnehage med 45-årsjubileet og ser fram til dei neste kapitla i historia.