Høyring om nye opptaksområde etter nedlegging av Raudeberg skule

Kinn kommunestyre gjorde i sak 110/25 vedtak om at Raudeberg skule skal leggast ned med verknad frå 01.08.2027. I vedtaket punkt 1 står det også ...sak om utgreiing av nytt opptaksområde for noverande Raudeberg skule, vert starta opp snarast. Med bakgrunn i dette vedtaket har oppvekst- og kulturutvalet handsama sak om endring av forskrift om opptaksområde for Skram skole, 03.02.2026.

Oppvekst og kulturutvalet gjorde i sak 004/26 følgjande vedtak:

Med heimel i Opplæringslova § 2-6 sender Oppvekst og kulturutvalet endring av kommunal forskrift om opptaksområde med verknad frå 01.08.2027, ut på høyring med slik innstilling:

  • Raudeberg skule sitt opptaksområdet opphøyrer frå og med 01.08.2027.
  • Skram skole sitt opptaksområde vert frå 01.08.2027 utvida til gjelde heile Vågsøya, Silda og øyane i sør.
Kartutsnitt som syner nytt opptaksområde for Skram skole etter Raudeberg skule er nedlagd - Klikk for stort bileteNytt opptaksområde for Skram skole etter Raudeberg skule er nedlagd

Høyringsfrist vert sett til 17.03.2026.

Vi bed om høyringsinnspel på nytt opptaksområde for Skram skole frå 01.08.2027.

Høyringsfrist og innsending av uttale

Frist for å kome med innspel til det nye opptaksområde er sett til 17. mars 2026. Om du vil gje uttale til dette kan du sende innspela dine via elektronisk høyringsskjema innan høyringsfristenDu kan også sende innspel per brev til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

Saka blir også sendt på høyring til FAU og SU ved Skram skole, Raudeberg skule, Skarevik barnehage, Trollskogen barnehage, Holvik barnehage og Vestland fylkeskommune. 

Saksgangen blir slik

  • OK-utvalet sender saka ut på høyring 03.02.26
  • Høyringsfrist 17.03.26
  • OK-utval handsamar saka på nytt 24.03.26
  • Kommunestyret har saka til endeleg handsaming 09.04.26