Høyring: Lokal forskrift om vedtekter for kommunal skulefritidsordning

Oppvekst- og kulturutvalet vedtok å legge lokal forskrift om vedtekter for kommunal skulefritidsordning på høyring i perioden 27. mars til 12. mai 2026. Føremålet med høyringa er å ta stilling til endring av ferie-SFO.

Kommunestyret vedtok i handsaming av handlingsprogram og økonomiplan for 2026-2029 å avvikle tilbodet om ferie-SFO, som eit tiltak for innsparing.

Endringar eller bortfall av organisering av ferie-SFO vil ha innverknad på og konsekvensar for ordlyden i Forskrift om vedtekter for kommunale skulefritidsordning i Kinn kommune, §5 Ferie-SFO. Høyringa legg såleis opp til revidering av gjeldande forskrift, og innspel til denne. 

Du kan lese oppvekst- og kulturutvalet si handsaming av saka i møteplanen vår.

Kommunedirektøren sine vurderingar

Ein viktig grunn til å oppretthalde ferie-SFO er å kunne vere ei attraktiv kommune for småbarnsfamiliar og at familiar som av ulike årsaker ikkje har pass til barna i skulen sine feriar kan ha eit kommunalt tilbod. 

Ferie-SFO er behovsprøvd og tilpassa lokale behov. Kommunen har lagt til rette for å oppretthalde ferie-SFO ved å organisere tilbodet ved to skular. Til tross for slik organisering er det svært få som søkjer ferie-SFO. Ein grunn til dette kan vere at frivillige lag og organisasjonar organiserer andre tilbod som handballskule, fotballskule og seglskule i skuleferiane. Nokre av tilboda er gratis, medan andre er betalingstilbod. Ut frå søkjartala til ferie-SFO, ser det ut til at foreldre vel bort eit kommunalt ferie-SFO og prioriterer andre tilbod til barna i feriar. 

Med bakgrunn i låge søkjartal til ferie-SFO, er eitt av omstillingstiltaka for grunnskule som er vedtatt i handlingsprogram og økonomiplan 2026-2029 å legge ned ferie-SFO i kommunen. Effekten av omstillingstiltaket utgjer ei innsparing på kroner 1 mill i økonomiplanperioden. Alternativt til å legge ned ferie-SFO, er å finne tiltak som gjev auka inntekt tilsvarande kravet til omstilling.

Oppvekst- og kulturutvalet ber om høyringsinnspel til

a) om ferie-SFO skal leggast ned med bakgrunn i at få elevar nyttar ferie-SFO 

b) om talet på veker med ferie-SFO skal reduserast 

 c) alternativ organisering av SFO-tilbodet

Slik kan du gi innspel til høyringa

Du kan gi innspel til høyringa innan 12. mai 2026. Du kan sende dette til kommunen på elektronisk høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no.