Les utkast til lokal forskrift om jakt på hjort og fastsetting av minsteareal og fellingsavgift (PDF, 161 kB)
Andre dokument til høyringa
Opning av jakt
Det har tidlegare vore opna for jakt på hjort i begge delane av kommunen etter viltlova. Denne lova blir oppheva når den nye viltressurslova trår i kraft 01.07.2026. Det har vore ein tett hjortebestand og jakt i begge delar av kommunen i lang tid. Det er derfor ikkje tvil om at det er grunnlag for å jakte hjort. Dette er berre ei formell opning som må gjerast fordi heimelen no ligg i den nye lova.
Fastsetting av minsteareal
Minstearealet er grunnlag for godkjenning av vald etter jakt på hjort og tildeling av fellingsløyve til valda ut ifrå arealet dei har godkjent. Kinn kommune har ikkje fastsett eiga forskrift om opning av jakt og minsteareal etter kommunesamanslåinga i 2020. Ein har såleis forhalde seg til minstearealet i opningsforskrifta til dei 2 samanslegne kommunane Flora og Vågsøy. Desse forskriftene er framleis gjeldande og her har ein i tidlegare Flora kommune eit minsteareal på 500 daa medan det for Vågsøy har vore 600 daa.
Det er høve å fastsette ulike minsteareal for ulike delar av ein kommune utifrå bestandstettleik, men både Flora og Vågsøy har hatt eit minsteareal. Kommunen kan ved tildeling av fellingsløyve fråvike minstearealet med +/- 50 % (50 % regelen). Ved for eksempel eit minsteareal på 500 daa kan ein såleis tildele fellingsløyve til valda med eit areal frå 250 til 750 daa per tildelt fellingsløyve. «50 % regelen» kan ikkje nyttast i høve å godkjenne arealet til vald.
Valda i kommunen har siste år hatt eit areal for kvart tildelt fellingsløyve som har variert frå 280 til 593 daa i nordre delen av kommunen og frå 255 til 817 daa i søre delen. Det er 2 vald i søre delen som har hatt tildeling av eit areal som er over 750 daa per løyve. Ved eit minsteareal for heile kommunen på 500 daa meiner ein ut ifrå dagens bestandssituasjon å kunne til alle valda i kommunen eit høveleg tal fellingsløyve.
Framlegget er at minstearealet for jakt på hjort i Kinn kommune vert sett til 500 daa.
Fellingsavgift
Stortinget fastset i budsjetthandsaminga årlege maksimalsatsar for fellingsavgift for dei ulike hjorteviltartane som kommunane kan krevje inn. Kommunane krev inn fellingsavgifter for hjort med heimel i Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgifter for elg og hjort.
Tidlegare har kommunane kunne fastsette fellingsavgifta fritt innanfor rammene gjevne av Stortinget utan nokon særskild heimel. Dei har då vore ein del av det kommunale gebyrregulativet og har vore justert i samband med budsjetthandsaminga i kommunen. No skal satsane for fellingsavgift fastsettast i den kommunale forskrifta om opning av jakt, minsteareal og fellingsavgift. For å unngå å måtte endre forskrifta når Stortinget endrar satsane er det meir føremålstenleg å fastsette dei som ein prosentsats av maksimalrammene.
For jaktåret 2025/2026 var maksimalsatsane for hjort gjevne av Stortinget kr. 310 for kalv og kr. 520 for vaksne dyr. Satsane i Kinn kommune var då kr. 120 for kalv og kr 450. for vaksne dyr. Om ein legg maksimalsatsane til grunn er desse relativt høge for kalv samanlikna med vaksne dyr om ein reknar i høve vekta på dyra.
Ut ifrå forvaltningsmessige omsyn ønskjer ein og at kalv skal utgjere ein stor del av jaktuttaket, og for å oppmode til det har Kinn kommune difor lenge hatt ei fellingsavgift for kalv langt under maksimalsatsen. Om ein går ut i frå maksimalsatsane for 2025 utgjorde fellingsavgifta i kommunen 39 % for kalv og 86 % for vaksne dyr av maksimalsatsen.
Det vert gjort framlegg om at satsane for fellingsavgift vert fastsett til 35% av maksimalsatsen fastsett av Stortinget for kalv, og 90 % av maksimalsatsen for vaksne dyr. Utifrå maksimalsatsane for 2025 tilsvarar dette då kr. 124 for kalv og kr. 468 for vaksne dyr.
Offentleg høyring og innspel
Framlegget til Forskrift om jakt på hjort i Kinn kommune vert no lagt ut til offentleg høyring. Frist for å kome med merknader er sett til 24.06.2026
Send høyringsuttale via e-skjema
Du kan også sende høyringsuttale per brevpost til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.