Høyring - gravplassvedtekter innspel innan 1. oktober 2026Lytt til tekstenStopp avspillingGravplasstyresmakta i Kinn har utarbeidd framlegg til reviderte gravplassvedtekter.Framlegget er sendt på høyring, og du kan sende innspel innan 1. oktober 2026.Kinn kyrkjelege fellesråd er lokal gravplasstyresmakt i Kinn kommune og har utarbeidd framlegg til lokale gravplassvedtekter.Dei fleste endringane er ei skriftleggjering av dagens praksis. Vedtektene regulerer rettar og plikter for gravansvarlege og festarar av graver, og kan ha betydning for innbyggjarar og lokalsamfunnet. Difor ønskjer vi innspel frå alle som har synspunkt på framlegget.Les framlegg til saka på Kinn kyrkjelege fellesråd si heimeside.Høyringsfrist: 1. oktober 2026Du kan sende inn høyringsuttale:på e-post til kyrkja@kinn.kommune.no (merk e-posten med «Uttale til høyring om lokale gravplassvedtekter»)per post til Kinn kyrkjelege fellesråd, Postboks 504, 6903 Florøeller levere uttalen på kyrkjekontoret i Florø eller Måløy. Publisert 31.07.2026 13.03 Sist endra 31.07.2026 13.06