Høyring– forslag om midlertidig endring av skjenketider under fotball-VM for herrar 2026

Kinn kommunestyre ønskjer å vurdere ei mellombels endring av skjenketidene i samband med fotball-VM for herrar i perioden 11. juni til 19. juli 2026. Bakgrunnen er at meisterskapet i hovudsak vil gå føre seg på kvelds- og nattestid norsk tid, og at dette kan ha betydning for serveringsstader som viser kampane. Kommunen ønskjer å leggje til rette for aktivitet og verdiskaping i næringa, samstundes som omsynet til folkehelse, ro og orden og ansvarleg alkoholhandtering blir ivareteke.

Forslag til mellombels endring

Det blir føreslått følgjande mellombelse tillegg til dei alkoholpolitiske retningslinene i Kinn kommune:

  • For perioden 11. juni til 19. juli 2026 vert maksimal skjenketid for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 utvida til kl. 06.00.
  • Ordninga gjeld berre skjenkestader som viser direktesende kampar frå fotball-VM for herrar 2026. Det må ved søknad dokumenterast at verksemda har gyldig lisens til å vise kampane.
  • Den utvida skjenketida gjeld berre for innandørs skjenking, inkludert telt.
  • For utandørs servering gjeld ordinære skjenketider etter gjeldande regelverk.
  • All konsum av alkoholhaldig drikk skal vere avslutta seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr for dei respektive alkoholgruppene.

Føremål

Føremålet med endringa er å:

  • leggje til rette for næringsaktivitet i samband med eit stort internasjonalt arrangement
  • bidra til gode og trygge møteplassar for publikum
  • sikre at utvida skjenketid skjer under kontrollerte og ansvarlege rammer

Vurderingstema i høyringa

Kommunen ber særleg om innspel på følgjande:

  • behovet for utvida skjenketid i næringa
  • praktiske konsekvensar for drift og bemanning
  • omsyn til naboar, tryggleik og ro/orden
  • om avgrensingane (innandørs, krav om direktesending mv.) er føremålstenlege
  • eventuelle alternative løysingar

Høyringsfrist og vidare prosess

Høyringsfristen vert sett til 05.05.2026. Innspel kan sendast til: post@kinn.kommune.no, eller du kan bruke elektronisk høyringsskjema som du finn her.

Etter høyringsperioden vil kommunedirektøren oppsummere innspela og leggje saka fram for politisk handsaming. Endeleg vedtak er planlagt handsama i kommunestyret 19. mai 2026.

Kontaktperson

For spørsmål om høyringa, ta kontakt med: Bodil Gjerde, avdelingsleiar informasjon og service, Bodil.gjerde@kinn.kommune.no