Høyring - Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kinn kommuneLytt til tekstenStopp avspillingFormannskapet gjorde i møte 10. september vedtak om å legge framlegg til Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kinn kommune, ut på offentleg høyring. Protokollen frå møtet er ikkje klar enno men det vart vedteke å gå for vedtaksalternativ nr. 2 i saksutgreiinga. Høyringsfrist er 10. oktober.Fristen for å kome med merknader vart endra frå 12.oktober i saksframlegget til 10. oktober 2026. Send høyringsinnspelSend høyringsinnspel via elektronisk skjema for høyringsuttale innan 10. oktober 2026. Publisert 11.09.2026 13.50 Sist endra 11.09.2026 13.52