Hentar kunnskap til arbeidet med Bustad i sentrum

Kommunalsjef, prosjektsjef, arealplanleggar og leiar for boligkontoret deltek 24. og 25. september på ein konferanse om bustad, folkehelse og aldersvenleg samfunnsplanlegging. Kunnskapen og erfaringane tek dei med tilbake til arbeidet med satsinga Bustad i sentrum.

Korleis kan vi utvikle gode bustader og lokalsamfunn som gjer det mogleg å bu trygt heime – lenger og betre? Det er eit av hovudspørsmåla på konferansen, som blir arrangert av Husbanken vest og Statsforvaltaren i Vestland.

For Kinn er dette tett knytt til arbeidet med Bustad i sentrum. Kommunen ønskjer å legge til rette for attraktive og funksjonelle bustader og bumiljø for både eldre, unge og førstegangsetablerarar i sentrumsområde. Samtidig kan fleire tilpassa bustader i sentrum bidra til utvikling og aktivitet i Florø og Måløy. Dette er arbeid som er tett kopla mot kommuneplanen sin samfunnsdel og den statlege reforma "Bu trygt heime". Prosjektet har blitt presentert for formannskapet og kommunestyret tidlegare i år.

På konferansen får kommunen høyre om erfaringar frå andre kommunar, ulike buformer, aldersvenleg planlegging og økonomiske verkemiddel frå Husbanken.

– Husbanken sine verkemiddel kan bli svært viktige for å få til bustadutvikling som møter behova våre framover. Samtidig er det nyttig å lære av kommunar som allereie har prøvd ut nye løysingar, seier kommunalsjef Rolf Bjarne Sund.

Målet er å ta med konkrete idear og kunnskap heim til det vidare arbeidet med Bustad i sentrum.