Våren 2026 lyste Sogn og Fjordane helsefellesskap ut ei eittårig prosjektleiarstilling. Tilsette i både kommunane og Helse Førde kunne søke, og blant søkarane var Henriette Jagedal Kvamme frå Kinn kommune. Ho fekk stillinga og skal no leie arbeidet med å innføre Clinical Frailty Scale (CFS) i helse- og omsorgstenestene i Sogn og Fjordane.
Eit felles verktøy for å vurdere skrøpelegheit
Clinical Frailty Scale, på norsk kalla klinisk skrøpelegheitsskala, er eit verktøy helsepersonell kan bruke for å vurdere funksjonsnivå og grad av skrøpelegheit hos eldre. Skrøpelegheit handlar mellom anna om kor motstandsdyktig ein person er når han eller ho blir utsett for sjukdom eller andre belastningar.
Målet med prosjektet er at kommunane og sjukehuset skal få ei meir felles tilnærming til vurdering av skrøpelegheit. Det kan bidra til betre samhandling og meir heilskaplege tenester for pasientane.
Som prosjektleiar får Henriette ansvar for å drive fram innføringa og bruken av CFS, bidra til betre samarbeid på tvers av tenester og nivå, og samarbeide tett med prosjektgruppa og Fagleg samarbeidsutval (FSU) for eldre som lever med skrøpelegheit. FSU er ein del av samarbeidet mellom kommunane og Helse Førde om utvikling av helsetenestene.
Læring og samarbeid på tvers
Prosjektet blir gjennomført gjennom Tørn samhandling, eit nasjonalt kvalitetsprogram som legg til rette for at kommunar og sjukehus kan utvikle og prøve ut nye måtar å samarbeide på. Henriette og prosjektgruppa skal delta i eit læringsnettverk saman med andre prosjekt, der dei får fagleg støtte, dele erfaringar og lære av kvarandre.
Henriette har arbeidd i tenestene våre i fleire år og kjenner både fagfeltet og kommunen godt. Ho er AKS-sjukepleiar – avansert klinisk allmennsjukepleiar, som inneber at ho har avansert sjukepleiefagleg breiddekompetanse.
Vi er stolte over at dyktige medarbeidarar frå tenestene våre tek del i viktig utviklingsarbeid som skal bidra til god kvalitet og betre samarbeid på tvers av kommunar og sjukehus.
Lukke til, Henriette! Vi har stor tru på deg i den nye rolla.