God framdrift i bygginga av Florø brannstasjon

Arbeidet med den nye brannstasjonen i Florø held fram etter planen. Grunnarbeid, fundamentering og fleire av dei innleiande betongarbeida er gjennomførte, og prosjektet går no inn i ein fase med montering av berekonstruksjonar og ytterveggar.

Gjennom sommaren og hausten 2026 vil det vere mykje aktivitet på byggeplassen. Mellom anna vil arbeidet med vognhall, mellombygg og kontordel vere godt i gang, og frå august blir det montert limtrekonstruksjonar, yttertak og veggelement. Samstundes blir det arbeidd med oljevernlageret og fleire utvendige konstruksjonar.

Eit viktig milepåle blir nådd 15. oktober 2026, då bygget etter planen skal vere tett. Deretter startar uttørking og innreiingsarbeid innandørs. Utover oktober vil det òg pågå utomhusarbeid, etablering av kant langs sjøen og fundamentering av vegg mellom lager og vognhall. Prosjektet følgjer framdriftsplanen, og bygginga av den nye brannstasjonen tek stadig meir form. 

Når anlegget står ferdig, vil det gi moderne og framtidsretta fasilitetar for brann- og redningstenesta i Florø, med kontor og lagringsplass til sivilforsvaret.