Gate 1 i Måløy opnar snart

Etter eit omfattande arbeid som har pågått i fleire år, går prosjektet i Gate 1 no inn i sluttfasen. Allereie i løpet av veke 16 (13.–19. april 2026) er det venta at gata opnar for gjennomkøyring igjen.

Per 10. april er mykje av arbeidet ferdigstilt

Steinlegginga langs Gate 1 er på plass, og VA-anlegg og kabelgrøfter er ferdige og i prøvedrift. No står berre dei siste detaljane att, som montering av søppeldunkar, gummimatter og mindre justeringar.

Asfaltering er planlagt tysdag 14. april, og dette markerer ein viktig milepæl før opninga.

Med dette nærmar prosjektet seg slutten, og ein kan snart ta i bruk ei oppgradert og meir tilgjengeleg Gate 1.