Fysioterapidagen 2026: Bevegelse er viktig for hjartetLytt til tekstenStopp avspilling8. september er verdas fysioterapidag. I år er hjarte- og karsjukdom og hjerneslag tema for dagen. Målet er å løfte fram kor viktig fysisk aktivitet og fysioterapi kan vere for å førebygge sjukdom og hjelpe menneske tilbake til ein aktiv kvardag.Hjarte- og karsjukdom er den vanlegaste dødsårsaka i verda. Fysisk aktivitet er eitt av dei viktigaste tiltaka vi sjølve kan gjere for å ta vare på hjarte- og karhelsa. Fysioterapeutar kan hjelpe menneske med å finne aktivitet som er tilpassa den enkelte – både for å førebygge sjukdom og som ein del av behandling og rehabilitering etter hjarte- og karsjukdom eller hjerneslag.Litt aktivitet er betre enn ingentingDu treng ikkje trene hardt for at kroppen skal ha nytte av det. All fysisk aktivitet tel, og små endringar i kvardagen kan gjere ein forskjell. Det viktigaste er å finne aktivitet som passar for deg og som du kan halde fram med over tid.Fysioterapidagen blir markert 8. september kvart år av fysioterapeutar og organisasjonar over heile verda. Dagen skal synleggjere den viktige rolla fysioterapeutar har i å hjelpe menneske til å vere aktive, sjølvhjelpne og ha best mogleg helse gjennom heile livet.Vil du vite meir?På nettsida til Norsk Fysioterapiforbund kan du lese meir om Fysioterapidagen 2026 og finne faktaark om mellom anna hjarte- og karsjukdom, hjerneslag og fysisk aktivitet.Du finn kontaktinformasjon til fysio- og ergoterapitenesta i Kinn på heimesida vår her. Publisert 08.09.2026 08.00 Sist endra 31.08.2026 12.39