Fritidserklæringa sikrar at barn og unge får delta på ein fritidsaktivitetLytt til tekstenStopp avspillingFritidserklæringa skal sikre at alle barn og unge frå 6 til 18 år skal ha høve til å delta på ein fritidsaktivitet – uavhengig av foreldra sin økonomiske eller sosiale situasjon. Ny søknadsløysing frå 1. januar 2026Frå 1. januar 2026 nyttar kommunen eige søknadsskjema for ordninga. I 2025 vart den handtert gjennom Friskus Fritidskonto.Friskus blir framleis brukt som aktivitetskalender, der frivillige lag og organisasjonar kan registrere seg gratis og legge ut aktivitetane sine. Vi anbefaler lag og organisasjonar om å nytte seg av dette gratistilbodet for å synleggjere seg. Samarbeid for ein inkluderande fritidKommunestyret har sett av midlar til ordninga, og frivilligsentralane i Kinn kommune koordinerer arbeidet i samarbeid med lag og organisasjonar. Ordninga tar atterhald om at kommunen har tilgjengelege midlar.Ta kontakt om du har spørsmål – målet vårt er at alle skal kunne delta på ein fritidsaktivitet. Publisert 26.01.2026 11.06 Sist endra 26.01.2026 11.11