Friskus kommune – appen for deg som vil vite, delta og bidra

Innbyggarappen vår Friskus kommune finn du i AppStore og Google Play. Det er ein gratis og brukarvennleg plattform der du får: nyhende frå kommunen, direkte tilgang til sjølvbeteningsløysingar, oversikt over aktivitetar og arrangement i Kinn i ein innebygd aktivitetskalender. Med andre ord: Appen gir deg alt du treng – på ein plass. Treng du hjelp til å kome i gang? Det fikser vi også.

Friskus – ein lågterskel kanal for alle

Friskus kommune er ein del av satsinga vår på å gjere informasjon, aktivitetar og tenester meir tilgjengelege. Her finn du oppdatert innbyggarinformasjon, kommunenytt og varslingar – utan at du må leite rundt på fleire stader.

Last ned appen, og du er i gang på få sekund!

Oppdag det som skjer i Kinn – med aktivitetskalenderen

Kva skjer i Kinn i helga? Eller neste veke? Sjekk aktivitetskalenderen i Friskus kommune-appen eller på nett. Her finn du arrangement frå heile kommunen – frå barneidrett og korpsøving til kurs, konsertar og seniortreff.

Du ser kven som står bak arrangementa, og kan ta kontakt direkte med arrangørane.

👉 Gå til aktivitetskalenderen her

Lag, organisasjonar og andre – vis kva de driv med!

Er du med i eit lag, ei frivillig gruppe eller om du sjølv er initiativtakar? Då bør de bli arrangør i Friskus! Det er heilt gratis å registrere seg, og det går raskt å legge ut arrangement.

Det er faktisk raskare enn å lage arrangement på Facebook – og mykje lettare for innbyggarane å finne.

Når arrangementet ligg i Friskus, kan de i tillegg dele det vidare på Facebook. På den måten blir alt samla på ein plass, og fleire får det med seg.

Fram til i dag har 114 lag og organisasjonar registrert seg, og til saman lagt ut 461 arrangement det siste året, fordelt på 1794 ulike hendingar. Likevel veit vi at det er mange fleire arrangement som dessverre ikkje vert lagt inn i aktivitetskalenderen.

Fleire fordelar med fleire lag og organisasjonar i Friskus

  • Lag og organisasjonar får potensielt fleire medlemmar
  • Alle får ein felles plattform å synleggjere aktivitetane sine på
  • Du kan filtrere arrangementa på fleire ulike måtar, slik at det er lett å finne noko å delta på

Kvifor bruke Friskus?

  • Gratis for alle
  • Rask tilgang til kommunenytt og digitale tenester
  • Oversikt over aktivitetar i lokalsamfunnet
  • Lett å bruke – både for innbyggarar og arrangørar
  • Trygt og tilgjengeleg for alle

Last ned appen i dag – og bli ein Friskus du òg!

Appen Friskus kommune ligg klar i App Store og Google Play.
Last ned, og få kommunen og aktivitetar i lomma!

Treng du hjelp? Kontakt oss på sentralbordet, så vert du overført til nokon som kan hjelpe.