Fotballtrøye-fredag på arbeidsplassen!Lytt til tekstenStopp avspillingI dag har fleire av våre tilsette møtt opp på jobb i fotballtrøye for å markere Fotballtrøye-fredag og vise støtte til barn og unge som er råka av kreft.Fotballtrøye-fredag er ei landsomfattande innsamlings- og solidaritetsmarkering til inntekt for Barnekreftforeininga. Ved å ta på seg favorittdrakta si, bidreg folk over heile landet til å skape fellesskap, spreie glede og sette søkelys på barn og familiar som står i ein krevjande kvardag.Fotball-trøye fredag i Kinn kommuneKvart år får over 200 barn og unge i Noreg kreft. For mange betyr det lange periodar borte frå skule, fritidsaktivitetar og vener. Difor er det viktig å vise at dei ikkje står åleine. Vi er stolte av dei tilsette som deltek og er med på å støtte ei viktig sak!Du kan lese meir om markeringa hjå Barnekreftforeningen si heimeside. Publisert 29.05.2026 12.48 Sist endra 29.05.2026 13.26