Formannskapet på besøk i Eikefjord

Formannskapet fekk i går omvising på industriområdet på Nesjane, og gjennomførte møtet sitt på Eikefjord barne- og ungdomsskule. Dei elleve representane fekk ein varm mottaking på skulen, og nytta høve til å bli betre kjend med både skulen og lokalsamfunnet i Eikefjord.

Dei elleve representantane i formannskapet og kommunedirektøren sit i hestesko i eit klasserom - Klikk for stort bileteFormannskapet vart godt tatt i mot på Eikefjord barne- og ungdomsskule til sitt møte på tysdag

Skulen si kantine stod for servering av lunsj, og diska opp med eit smakfult måltid beståande av pastasalat, brødskiver og dressing. Maten fall i god smak, og vart sett stor pris på av dei frammøtte.

I tillegg til sjølve møtet fekk formannskapet ei grundig og informativ orientering om skulen sitt arbeid og kvardagen i Eikefjord. Besøket gav eit godt innblikk i korleis det er å bu og vekse opp i ein meir distriktsnær del av kommunen, og synte fram engasjementet og ressursane som finst lokalt.

Slike besøk er viktige for å styrke forståinga av heile kommunen og bidra til gode avgjerder til beste for innbyggarane i Kinn.