Folket samla seg til ei verdig sørgegudsteneste for Kong Harald i Florø kyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingOnsdag 2. september vart det halde sørgegudsteneste i Florø kyrkje til minne om Hans Majestet Kong Harald V. Innbyggarar og representantar frå lokalsamfunnet samla seg til ei høgtideleg markering med sorg, ettertanke, musikk og lystenning. Ordførar og kommunedirektør deltok saman med representantar frå ulike delar av lokalsamfunnet. Musikken vart framført av organistar og musikarar frå Kinn kulturskule og ein kvintett frå Florø Hornmusikk.– Kong Harald har vore ein samlande skikkelse for landet vårt. Det var fint å kunne møtast i fellesskap, minnast og finne rom for ettertanke. Tankane våre går til kongefamilien, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen.Sørgegudstenesta vart ei verdig og høgtideleg markering til minne om H.M. Kong Harald V. Publisert 03.09.2026 10.23 Sist endra 03.09.2026 11.16