Møteplassar og inkludering
Det var stor einigheit om at Kinn treng fleire møteplassar – både formelle og uformelle – som kan bidra til å hindre utanforskap og styrke fellesskapen. Det vart diskutert korleis idrettsanlegg, eldresenter og kulturtilbod kan utviklast vidare for å møte behova til ulike aldersgrupper. Eit konkret forslag var å opprette lågterskeltilbod, der frivillige organisasjonar samarbeider om aktivitetar i nabolaga, noko som ville vere ein enkel måte å skape større engasjement og samhald på.
Deltakarane føreslo også å legge til rette for meir samarbeid om praktiske oppgåver. Eit døme var at kommunen kan stille med ressursar, som grus til vegvedlikehald, medan naboane sjølv organiserer og gjennomfører arbeidet. Dette vil ikkje berre bidra til betre infrastruktur, men også styrke eigarskapet til nærmiljøet og bygge opp om fellesskapskjensla.
Sentrum av byane og betre tilgang til kulturbygg
Fleire av innspela handla om korleis vi kan legge til rette for uformelle møteplassar i sentrum av byane. Deltakarane peika på at område som «kailangs» ved strandlinja i Florø kunne utviklast til å bli naturlege møteplassar der folk kan møtast spontant. Slike uteområde vil stimulere til uformell prat og fellesskap på tvers av generasjonar.
Samtidig vart det understreka at frivillige lag og organisasjonar må få betre tilgang til rimelege lokale. Ved å redusere leigeutgifter for samfunnshus og kulturbygg kan vi sikre at fleire får moglegheit til å bruke desse arenaene til møteverksemd og arrangement. Dette vil skape eit meir aktivt og inkluderande lokalsamfunn.
Samskaping for ein betre bustadmarknad
Bustadmarknaden var også eit viktig tema på begge folkemøta. Det kom fram forslag om å tilrettelegge for bygging av generasjonsbustader, der eldre og unge kan bu tettare saman og dra nytte av kvarandre i kvardagen. Slike bufellesskap kan bidra til å redusere einsemd og styrke fellesskapet, noko som vart løfta fram som ein av dei viktigaste verdiane i Kinn si framtid.
Eit anna forslag var å samarbeide tettare med lokale entreprenørar for å utvikle fleire bustader nær sentrum. Desse bustadane kan kombinerast med fellesareal som kaféar og møteplassar, og sikre at innbyggarane har både sosialt og praktisk nærleik til kvardagens behov.
Saman for eit levande Kinn
Folkemøta i både Florø og Måløy viste tydeleg at det finst mange gode idear for å skape levande og inkluderande lokalsamfunn. Gjennom samarbeid mellom kommunen, frivillige, næringsverksemder og innbyggarane kan vi realisere desse ideane. Takk til alle som deltok og delte sine tankar. No skal innspela vere med på å forme framtida for Kinn kommune – saman har vi handlekraft på kysten!