Fødselsrekord i Kinn – men framleis nedgang i folketalet

Vi har fått ferske tal frå Statistisk sentralbyrå om folketalsutviklinga i 2025. Den gledelege nyheita er at vi har fødselsrekord i Kinn si historie, med 166 fødde barn.

Samtidig viser tala at vi framleis har nedgang i folketalet. Innvandringa til Kinn er ikkje stor nok til å vege opp for utflyttinga. I 2025 var det 235 fleire som flytta frå Kinn til ein annan kommune i Noreg enn som flytta til oss. Det er det høgaste talet vi har registrert. 

Innvandring frå utlandet bidreg framleis positivt, men er ikkje stor nok til å vege opp for den høge innanlands utflyttinga.

Ved utgangen av 2025 var vi 17 365 innbyggarar i kommunen, noko som er ein nedgang på 63 frå året før.

Befolkingsdata dei siste åra
Data fordelt på år2022202320242025
Fødde134154148166
Døde161148193157
Fødselsoverskot-276-459
Innvandring382377387267
Utvandring575567108
Innflytting innanlands422528546445
Utflytting innanlands670684754680
Netto innflytting77166112-76
Folkevekst4817070-63
Folketal17179173491741917356

Kva betyr dette?

Trass i rekordmange fødde, fører høg utflytting til samla nedgang i folketalet. Utviklinga viser kor viktig det er å arbeide målretta med trivsel, bustadutvikling, arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.