Faktura for kommunale avgifter – viktig informasjon til deg med vassmålarLytt til tekstenStopp avspillingI helga sender vi ut faktura for kommunale avgifter for 1. termin. Du skal ikkje betale meir enn vanleg, men fakturaen kan sjå litt annleis ut for deg med vassmålar denne gongen.Kvifor ser fakturaen annleis ut?I denne fakturaen er også oppgjeret for vassforbruket i 2025 med. På same tid har det kome nye reglar for meirverdiavgift (mva.) på vatn og avløp.Frå 1. juli 2025 blei mva.-satsen sett ned frå 25 % til 15 %.Difor kan fakturaen verke roteteFor deg som har vassmålar, betyr dette atdelar av vassforbruket blir fakturert med 25 % mvaresten blir fakturert med 15 % mvaDette gjer at same type gebyr kan stå oppført på fleire linjer på fakturaen.Kort oppsummertDu betalar ikkje meir enn du skal, og endringane kjem av nytt regelverk. Fleire linjer på fakturaen skuldast to ulike mva.-satsar. Publisert 22.01.2026 14.41 Sist endra 22.01.2026 14.41