Fagdag om førebygging av vald og overgrep

Vi arrangerer fagdag om førebyggande arbeid mot vald og overgrep i mars. Fagdagen blir arrangert 17. mars i Nordfjordhallen i Måløy og 18. mars i Florø kulturhus.

Målet med fagdagen er å styrke kompetansen til fagpersonar som arbeider med barn, unge og sårbare grupper, og gi betre kunnskap om korleis ein kan oppdage og handtere overgrepsproblematikk.

Eit av hovudinnlegga er foredraget «Symptomenes vanskelege språk» ved Eivind Bjerksetmyr (NTNU/NAKU). Han vil snakke om korleis ein kan kjenne att teikn på overgrep, særleg hos personar med funksjonsnedsettingar, utviklingshemming og autisme.

Programmet tek også opp viktige juridiske og samfunnsmessige tema. I Måløy vil advokat Synnøve Berg Svarstad (Advaco) halde innlegg om tausheitsplikt og avvergeplikt, medan i Florø vil kommuneoverlege Rune Nordpoll vil snakke om avvergeplikt, fastlegen og samfunnet si rolle.

Etter lunsj vil NOK. Sogn og Fjordane halde innlegg om seksuelle overgrep, traume og korleis fagpersonar kan skape trygge rom der barn og unge tør å fortelje om vanskelege opplevingar. Dei vil også ta opp tema som skadeleg seksuell åtferd og kvifor kunnskap om kropp, grenser og seksualitet er viktig i førebyggingsarbeidet.

Fagdagen varer frå kl. 9.00 til 15.30 begge stadar. Ein kan delta på dei ulike føredraga, eller heile dagen.

Kontakt for deltaking eller andre spørsmål

Trude Gulbranson, e-post trude.gulbranson@kinn.kommune.no, eller tlf. 48080537.