Eit langt leiarskap i Kinn er snart over – vi lyser ut stillinga som ny kommunalsjef for helse og velferd

Norunn Stavø takkar for seg etter 15 år som leiar i helse og velferd ved utgangen av året. No søker vi etter hennar etterfølgar.

– Gjennom dei 15 åra som leiar i kommunen har eg vore opptatt av å førebu pleie- og omsorgstenestene i forhold til endringane i samfunnet, seier Norunn. For at vi skal gje gode og effektive tenester i ei tid med knappe ressursar, sterk auke i tal eldre og mangel på fagpersonell, så er det viktig å ha dyktige tenesteleiarar. Dette har vi i våre tenester. Å gje dei vidareutdanning i leiing har vore viktig, og svært nyttig. Alle har tatt eller held på med denne utdanninga, som er ei årseining.

Eit samfunn i endring

– Vi har færre ressursar, sterk auke i tal eldre og utfordringar med å rekruttere fagfolk. Difor har vi jobba systematisk med å styrke leiarane våre, og alle tenesteleiarar i pleie og omsorg har no vidareutdanning i leiing. Dette har vore heilt avgjerande, seier Norunn.

Saman med kollegaer har ho vore med å utvikle ein ny tenestestandard for pleie og omsorg, som vart vedtatt av kommunestyret. Her ligg det ei tydeleg retning for tenestene framover. – For å førebu oss på framtida har vi utarbeidd ein ny tenestestandard, som er vedtatt av kommunestyret. Under utarbeidinga har det vore brei deltaking frå alle tenestene våre. Vi er nøydd til å stramme inn på tildeling – eldre må bu heime så lenge som mogleg. Helst heile livet. Å kommunisere dette ut har vore viktig for å møte framtida. Alle må ta ansvar for eiga helse, og følgje råda om å vere både fysisk og sosialt aktive.

No søker vi ny leiar

Kinn kommune lyser no ut stillinga som kommunalsjef for helse og velferd. Som kommunalsjef for helse og velferd får du det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal i eit samfunnskritisk område. Du blir leiar for 16 dedikerte tenesteleiarar og ein rådgjevar/nestleiar, og vil ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene våre. Du har ansvar for å sikre at tenestene held høg kvalitet i tråd med måla Kinn kommune har sett – til beste for innbyggarane i heile kommunen.

Søknadsfristen er 11. august. Les fullstendig utlysingstekst og søk på stillinga i jobbportalen vår.

Frå samhandlingsreform til Albertatunet

Norunn ser tilbake på mange år med endring og utvikling. Ho peikar særleg på samhandlingsreforma i 2012 som eit viktig vendepunkt:

I dei åra eg har jobba i kommunen har det vore ein sterk endring. Vi fekk samhandlingsreforma i 2012, og sidan har det vore mykje fokus på pasientar som skal raskt ut frå sjukehus og ha kommunale tenester, seier ho. Vi ser at dei som får kommunale tenester har større behov, og pasientar på institusjonane er svært sjuke eller har langtkommen demens. Vi har sterkt fokus på frivillighet inn i tenestene, og har mange som stiller opp og gjer ein flott jobb. LEV VEL-teamet vårt med musikkterapeut, kokk og samfunnskoordinator gjer ein flott jobb for å spreie glede og innhald i dagane til dei som er åleine.

Etter mange års arbeid er Norunn også glad for å realisere nytt institusjonsbygg. - Eg er glad for at vi gjennom mange års jobbing endeleg har klart å få starte opp bygging av Albertatunet. Det har vore viktig å drive dette framover for å få eit vedtak om bygging. Dette blir eit flott bygg med mange ulike funksjonar som vil gje gode tenester til våre innbyggarar.

Rekruttering og lokal tilknyting

På spørsmål om kva som har vore viktigast i rekrutteringsarbeidet, svarar Norunn tilhøyrighet. - Samtidig som talet eldre aukar kraftig i åra framover, vil det bli færre i arbeidsfør alder til å gje tenester. Å klare å rekruttere fagkompetanse er noko vi jobbar mykje med på ulike måtar. Vi ser at beste måten er å utdanne våre eigne innbyggarar til å jobbe i omsorgstenesta. Tilhøyrighet er viktig. Vi ser også på ulike måtar å nytte den kompetansen vi har best mogeleg.