Eigedomsskattelistene for 2026 er lagt ut

No kan du sjå eigedomsskattelistene for 2026. Listene ligg ute til offentleg gjennomsyn frå 27. februar til og med 31. mars 2026.

Skattelista viser

  • skattepliktige eigedomar
  • adresse
  • matrikkelnummer (gards- og bruksnummer)
  • eigedomsskattetakst
  • skattesats
  • utrekna eigedomsskatt

Det finst ei eiga liste over eigedomar som har fritak for eigedomsskatt.

Eigedomsskattelister

Vil du klage på taksten?

Du kan klage på eigedomsskattetaksten kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom du ikkje har klaga på same grunnlag tidlegare.

Fristen for å klage er 6 veker.

Send klagen skriftleg til:
Eigedomsskattekontoret i Kinn
Postboks 294
6701 Måløy

Du kan òg sende klage via det digitale klageskjemaet.

Lovgrunnlag

Skattelistene er lagde ut etter eigedomsskattelova § 15.