Her får du ei kort oppsummering av sakene og kva kommunestyret vedtok.
113/26 – Kommuneplanen sin arealdel 2026–2036
Kommunestyret vedtok den nye arealdelen til kommuneplanen for perioden 2026–2036. Planen erstattar fleire eldre arealplanar frå tidlegare Flora og Vågsøy kommunar og kommunedelplanen for Stavang.
Kommunestyret vedtok også føringar for vidare oppfølging av større utviklingsprosjekt, mellom anna Rota Nord–Langholmsundet. Eit punkt i føresegnene for næringsområde NÆ204-2 om regulert tilkomst vart sletta etter eit vedteke endringsframlegg.
124/26 – Fritak frå eigedomsskatt for Florø Seilforening
Florø Seilforening får fritak frå eigedomsskatt for eigedomane gbnr. 24/534 og 24/26 frå og med skatteåret 2026.
114/26 – Oppheving av gamle reguleringsplanar
I samband med den nye kommuneplanen vedtok kommunestyret å oppheve dei eldre reguleringsplanane som er lista opp i vedlegga for Måløy- og Florø-delen, inkludert seinare endringar, delplanar og tilhøyrande føresegner.
115/26 – Parkeringsordning i Måløy
Kommunestyret vedtok nye rammer for parkering i Måløy sentrum. Vedtaket fastset parkeringssoner, tidsavgrensingar og prinsipp for avgifter. Det blir ikkje arbeidd vidare med kameraløysing i offentlege gater no, men Vågsøy Parkering AS skal vurdere om dette kan bli aktuelt seinare.
Selskapet skal også gå i dialog med private grunneigarar om mest mogleg like parkeringsordningar som ved dei offentlege. Parkeringsplassane ved Kiwi skal ha avgift som i Sjøgata og på Amtskaia, medan dagens ordning med 30 minutt kundeparkering skal halde fram på plassar som Kiwi leiger.
116/26 – Hovudplan for vatn, avløp og overvatn
Kommunestyret vedtok hovudplanen for vatn, avløp og overvatn 2026–2035 for Florelandet–Brandsøy, Eikefjord og Svanøy. Kommunen skal også søkje om nytt utsleppsløyve for Florelandet–Brandsøy basert på sekundærreinsing.
117/26 – Forskrift om godtgjersle og velferdsgode for folkevalde
Kommunestyret vedtok å oppheve den gamle forskrifta om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgode frå 2023. Opphevinga gjeld frå vedtaksdatoen. Den nye forskrifta blei vedtatt i møte før sommaren.
118/26 – Samarbeid om eldre og avslutta kommunale arkiv
Kommunestyret godkjende ein samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune om administrativt vertskommunesamarbeid for eldre og avslutta kommunale arkiv.
119/26 – Delegering av arkivoppgåver
Som oppfølging av samarbeidsavtalen vedtok kommunestyret å delegere utføringa av arkivdepotoppgåver til Vestland fylkeskommune. Kinn kommune har framleis arkivansvaret og skal sjølv handsame innsynskrav og enkeltvedtak.
120/26 – Suppleringsval til Kinn forliksråd
Guro Solvang vart vald som nytt medlem i Kinn forliksråd for resten av valperioden 2025–2028.
121/26 – Auka løyving til krisesentertilbodet
Kommunestyret vedtok å auke det årlege tilskotet til det interkommunale krisesentertilbodet med 123 936 kroner.
122/26 – Reviderte vedtekter for kommunale barnehagar
Saka vart utsett på grunn av tidsmangel. Kommunestyret gjorde derfor ikkje vedtak om dei reviderte barnehagevedtektene i dette møtet.
123/26 – Plan for skuledagar 2027–2028
Kommunestyret vedtok forskrifta om skuledagar, ferie og fridagar for skuleåret 2027–2028 slik ho låg føre.
125/26 – Eigedomsskatt for Florø idrettssenter
Kommunestyret avslo søknaden frå Vestland fylkeskommune om fritak frå eigedomsskatt for Florø idrettssenter.
126/26 – Rapport om kommunale vegar og bruer
Saka om tilstanden på kommunale vegar og bruer og plan for vidare oppfølging vart utsett på grunn av tidsmangel. Det vart ikkje gjort vedtak.
127/26 – Interpellasjonar
Det var ingen interpellasjonar til møtet, og difor er det heller ikkje noko vedtak i saka.
Les alle sakene og møteprotokollen i møteplanen vår.