Bustadpraten – ein bustad for framtida

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Florø startar opp eit nytt gratistilbod kalla Bustadpraten. Tilbodet er for innbyggarar i alle aldrar som planlegg å pusse opp eller gjere endringar i bustaden, og som ønskjer å legge til rette for å kunne bu heime lengst mogleg.

Nordmenn er i verdstoppen når det gjeld oppussing av bustad. Mange brukar mykje tid og pengar på å fornye og endre bustaden sin, men utan å tenkje på framtidige behov. Målet med Bustadpraten er å gi innbyggjarane kunnskap og råd om korleis ein kan gjere bustaden meir funksjonell, trygg og framtidsretta. Enkle val og tiltak kan gjere det mogleg å bu heime lenger – både ved naturlege aldersendringar, sjukdom eller skade.

Få råd frå fagpersonar

Gjennom Bustadpraten kan du bestille time med ein ergoterapeut, der du kan få råd om:

  • korleis bustaden din kan bli meir tilgjengeleg og funksjonell
  • enkle tiltak som kan førebyggje fall og gjere kvardagen tryggare
  • universell utforming og tilrettelegging for framtidige behov

I Florø gjennomfører vi Bustadpraten kvar torsdag mellom kl. 13.00 og 15.00, med oppstart torsdag 7. september. 

Stad: Fysio- og ergoterapiavdelinga på Sunnfjord Medisinske Senter (3.etg). 

I Måløy kjem vi attende med informasjon om oppstart.

Bestill time i bookingløysinga vår

Du må bestille time til Bustadpraten gjennom vårt bookingsystem: 

Bestill time hos ein sakshandsamar – Kinn kommune

Dersom du treng hjelp til å bestille time, kan du ringe kommunen sitt sentralbord på 57 75 60 00 for bistand. For å kunne gi gode råd og rettleiing må du ta med planteikningar av bustaden til timen hos ergoterapeut, og gjerne bilete og/eller film av dei aktuelle romma som skal pussast opp/endrast, samt korleis tilkomsten til bustaden er.