Bibliotektransport stoppa etter konkurs – påverkar fjernlån og leveringstidLytt til tekstenStopp avspillingAll transport av bøker og bibliotekmateriale mellom bibliotek er mellombels stoppa etter at Norsk bibliotektransport AS har meldt konkurs. Dette skapar forseinkingar og avgrensingar for publikum i heile landet.Transport av bibliotekmateriale stoppaNorsk bibliotektransport AS har gått konkurs. Som følgje av dette er all transport av bøker og anna materiale mellom bibliotek mellombels sett på pause. Dette påverkar fleire viktige tenester, mellom anna:fjernlån frå andre bibliotekretur og vidareformidling av materiale mellom bibliotekDette betyr det for deg som brukarFor publikum fører situasjonen til fleire usikkerheiter som at bestillingar av fjernlån kan bli forseinka eller ikkje gjennomførte, at leveringstider er uvisse, og at biblioteka har avgrensa moglegheiter til å skaffe materiale frå andre bibliotek i ein periode framover.Det er førebels uklart når transporttenesta kan kome i gang igjen, eller om det blir etablert ei alternativ løysing. Vi følgjer utviklinga tett og vil oppdatere så snart vi har meir informasjon.Ta kontakt ved spørsmålVi ber om forståing for situasjonen og dei ulempene dette kan medføre. Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med biblioteka. Publisert 16.04.2026 10.02 Sist endra 16.04.2026 10.02