Beredskapsøvinga Nordavind 2026

Torsdag 17. september gjennomfører Kinn kommune i samarbeid med Stad HV-område (Heimevernet), politiet, Helse Førde, Sivilforsvaret og Røde Kors ei fullskala beredskapsøving kalla Nordavind 2026. 
 

Øvinga har vore under planlegging i nesten eitt år og er resultatet av eit ønske frå dei ulike aktørane om å øve på samvirke i ein situasjon der landet er truga av krig. Funksjonar kommunen skal øve er kriseleiing, legeteneste, brann og redning i tillegg til psykososial oppfølging. Det er viktig for oss at desse funksjonane er godt koordinerte i ein krisesituasjon og at dei samarbeider godt med dei andre beredskapsaktørarane i lokalsamfunnet.

Spesielt i Nord-Vågsøy vil ein kunne sjå militær aktivitet og naudetatar i arbeid, så vi ber om at publikum tar omsyn og ikkje oppsøker område der det blir øva.