Innvandring frå utlandet bidreg framleis positivt, men er ikkje stor nok til å vege opp for den høge innanlands utflyttinga. Ved utgangen av 2025 var vi 17 365 innbyggarar i kommunen, noko som er ein nedgang på 63 frå året før. Etter perioden med sterk innflytting har det vore i våre prognosane at vi får ei utflating, slik ein no såg i 2025.
Kinn kommune har utarbeidd ein ny førebels rapport om befolkningsutviklinga i kommunen fram mot 2050. Rapporten gir eit viktig kunnskapsgrunnlag for planlegging av tenester, bustadutvikling og samfunnsutvikling i åra som kjem. I rapporten er det presentert tre moglege utviklingsbaner for folketalet i Kinn – høg, middels og låg vekst. Desse byggjer på føresetnader om mellom anna fødselstal, levealder og flyttemønster, basert på tal frå Statistisk sentralbyrå og analysar gjort med KOMPAS-modellen. Når vi får inn meir data for 2025 vil vi gjere nye berekningar. I våre prognosar vi har fram til no basert på middelalternativet.
Les heile rapporten her: Førebels rapport om Befolkningsutvikling i Kinn kommune 2026–2050 (PDF, 3 MB)
Hovudtrekk i utviklinga
Framskrivingane viser at utviklinga i folketalet er usikker, men at to av tre alternativ peikar mot nedgang i folketalet fram mot 2050. I middels alternativ er det venta ein reduksjon på om lag 585 innbyggarar, medan låg-alternativet viser ein nedgang på over 2 200 personar. Samstundes viser høg-alternativet ein mogleg vekst på om lag 1 000 innbyggarar.
Eit gjennomgåande trekk i alle alternativa er ei aldrande befolkning. Talet på eldre vil auke, medan talet på barn i grunnskulealder og yrkesaktive i fleire aldersgrupper er venta å gå ned.
Flytting påverkar utviklinga
Flyttemønster er ein viktig faktor for befolkningsutviklinga i Kinn. Dei siste åra har kommunen hatt større utflytting enn innflytting innanlands, noko som bidreg til nedgang i folketalet. Samstundes har innvandring i periodar dempa nedgangen, men denne effekten har variert frå år til år.
Viktig grunnlag for planlegging
Rapporten gir eit samla bilete av utviklingstrekk i både Florø og Måløy, og viser korleis folketalet kan utvikle seg i ulike delar av kommunen. Dette er viktig kunnskap for framtidig planlegging innan oppvekst, helse og omsorg, bustadbygging og næringsutvikling. Det er viktig å understreke at framskrivingar alltid er usikre, særleg på lang sikt. Utviklinga vil vere påverka av fleire faktorar, som til dømes arbeidsmarknad, tilflytting, næringsutvikling og nasjonale og internasjonale forhold.