Barnevernstenesta i Måløy har behov for besøksheimarLytt til tekstenStopp avspillingBarneverntenesta treng fleire besøksheimar, og vi ønskjer å kome i kontakt med familiar, par og einslege som kan tenkje seg å vere ein trygg og positiv ressurs for eit barn eller ein ungdom.Vi søkjer etterfamiliar, vaksne par eller einslege med ein stabil og trygg livssituasjonpersonar som er motiverte for jamleg å ta imot eit barn eller ein ungdom, eventuelt søsken, som besøksheimpersonar som ønskjer å samarbeide med barneverntenesta og barnet sine omsorgspersonarfamiliar og personar med både aktive og rolege kvardagar – det viktigaste er at du/de har tid, overskot og ønskjer om å bidraKva inneber det å vere besøksheim?Å vere besøksheim inneber å ta imot barn eller ungdom, ein eller fleire døgn per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheim skal ikkje erstatte barnet sin heim hos biologiske foreldre, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte til foreldra.Det krevst ingen formell utdanning for å vere besøksheim, men det vert lagt vekt på at du/de er personleg eigna. Det vert stilt krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md., for alle i familien over 18 år. Besøksheimen vil få oppfølging, lønn og utgiftsdekning av barneverntenesta etter gjeldande KS-satsar.Dersom du sjølv kunne tenkje deg å vere besøksheim, eller kjenner nokon som kunne passe til oppgåva, håpar vi du tek kontakt med barneverntenesta for ein uforpliktande prat.Vil du vite meir, eller kontakte oss?Ta gjerne kontakt med barnevernstenesta dersom du ønskjer meir informasjon eller vil vite meir om kva det inneber å vere besøksheim. Ring oss på tlf. 57756800.Kanskje nettopp du kan vere den ekstra trygge vaksne som eit barn treng! Publisert 28.09.2026 12.58 Sist endra 28.09.2026 12.58