Barnehagedagen 2026

Tysdag 10. mars markerte vi Barnehagedagen. Dette er ein dag der barnehagar over heile Noreg set fokus på det viktige arbeidet som skjer i barnehagen kvar dag, og på fellesskapet mellom barna.

Temaet for Barnehagedagen 2026 er «Rom for alle», som handlar om inkludering, vennskap og at alle barn skal kjenne seg trygge, sett og verdsette i barnehagen.

Tormyrane barnehage

På Torvmyrane inviterte vi foreldre til songsamling og ulike aktivitetar saman med barna. Vi la opp til aktivitetar som alle kunne delta i. Det var mellom anna malestasjon, stoppdans, fallskjermleik og aktivitetar i gymsalen.

Vi fekk eit overveldande godt oppmøte av engasjerte foreldre, og hadde ei fin feiring av barnehagen saman.

Takk til alle foreldra som greidde å prioritere denne formiddagen til barnehagen, og til flinke tilsette med gode idear og god gjennomføringsevne.

Nepjarhaugen barnehage

I Nepjarhaugen har vi jobba med temaet gjennom felles aktivitetar og skaparglede. Barna har laga eit felles måleri som representerer avdelinga dei går på, alle barna har vore med og resultatet er mange små bidrag som saman vert eit godt symbol på fellesskap. 2-åringane har hatt framsyning av forteljinga om “Skinnvotten” for dei andre avdelingane, forteljinga har eit bodskap som seier at ved å gje kvarandre plass vert det rom for alle.

Ein vegg med måleri i ein gang - Klikk for stort bileteFelles måleri av barna på Nepjarhaugen barnehage