Årsrapport og årsberetning for 2025 - Det vanskelege ligg føre oss

Vi jobbar med krevjande oppgåver. I 2025 har vi teke viktige steg med gode tilbakemeldingar frå innbyggjarane, og vi fekk eit godt økonomisk resultat. At innbyggjartalet gjekk noko attende må setjast i samanheng med ei utflating etter år med stor vekst. Kommuneplanen sin samfunnsdel viser retning. Fokus må vere på omstilling og attraktivitet. Vår ressursdisponering blir krevjande med meir auka lånegjeld, og det å oppretthalde tal arbeidsplassar i næringslivet i ein situasjon med færre yrkesaktive blir neppe enkelt.

Gå til årsmelding og årsberetning 2025

Betre tilbakemeldingar frå innbyggarane

Vi har dei siste fire åra gjennomført innbyggjarundersøkingar (borgarundersøking). Det er gledeleg at fleire enn tidlegare har eit betre inntrykk av oss. Samlevurderinga går i positiv retning: I 2023 hadde 61 % eit godt inntrykk, medan talet er 65 % i 2026. Vurdering av dei kommunale tenestene har også utvikla seg bra. Område innbyggjarane meiner vi må jobbe meir med er beredskap, sentrumsutvikling i byane våre og arbeidsplassutviklinga. Undersøkinga viser at fleire vil bli buande dei neste fem åra og anbefale Kinn som bustadkommune til andre.

Venta redusert folketalsvekst - rekordstort fødselstal

Etter fleire år med sterk innvandring, og auka folketal, fekk vi i 2025 ein venta nedgang. Utflytting er sentrert til Oslo og Bergen, og gjeld særleg ungdom mellom 20-29. Men også godt vaksne flyttar. Vi registrer netto utflytting i fleire aldersgrupper, også godt vaksne, noko som skuldast truleg grunna familie eller arbeid. Mobiliteten er med andre ord høg. Samstundes registrer vi at unge etablerer seg, og bidreg til høgare fødselstal.

Svakare utvikling i sysselsettinga

Det er ei auke i sysselsettinga av personar som bur i Kinn, men det er ein liten nedgang i arbeidsplassar i kommunen. Pendling aukar noko, men delen av sysselsetting som er i arbeid er noko høgare enn i andre kommunar. I innbyggjarundersøkinga kjem det fram at vi må jobbe meir med jobbmoglegheiter, det å drive næring i kommunen. Særleg er det bygg- og anlegg og offentlege tenester som går attende i sysselsetting. Som i andre kommunar i landet har vi også lågare bustadbygging enn tidlegare. 

Omstilling for å tilpasse oss demografiendringar

Vi skal omstille oss i forhold til endring i aldersgrupper, mindre barnegrupper og fleire eldre, og at kommunen sine inntekter blir endra som fylgje av dette. Årsrapporten viser at vi har handtert dette bra, men store individuelle tenestebehov for fleire aldersgrupper gjer denne omstillinga meir krevjande enn vi tidlegare har sett. 

Gode omstillingsresultat og god kvalitetsutvikling på tenester

Omstilling i 2025 var i budsjett forutsett å gje effekt på 61 mill. kroner. I stor grad nådde vi dette målet. Årsrapporten viser at vi i held tenestekvaliteten for mange områder, men vi må likevel arbeid med verknader av omstilling og andre samfunnsmessige effektar som påverkar kvaliteten.  

Tilbakemeldingane frå innbyggjarane er gode, og vi ser at omstillingsarbeidet i sektoren ikkje blir påverka i nemneverdig grad. Derimot må vi sjå nærare på barnehageområdet. Vi gjev barnehageplassar meir enn i andre kommunar og har fleire høgt kvalifisert pedagogar, men innbyggjartilbakemeldingane går noko attende.

Økonomisk resultatforbetring for kommunen si drift

Kinn kommune kom ut med brutto driftsresultat på 1,58%, som er noko lågare enn tilrådinga på 1,75%. Ved utgangen av 2024 hadde Kinn kommune eit bufferfond på 44,7 mill. kroner. Bufferfondet utgjer no 75 mill. kroner. Vi har jobba medvitande med område med ubalanse. 

Leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar har gjort ein god jobb for oppnå den resultatforbetringa vi no ser. Eit slik resultat er naudsynt når vi må justere ned inntekter frå Havbruksfondet og vurdere opp finansiering av einskilde områder som er underfinansiert. Årsrapporten peikar på bustad- og bygningsvedlikehald som eit slikt område. 

Endring i utanforskap

Det er ein høg auke både i utbetaling av økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsstønad til dei som treng bistand til å komme i aktivitet og arbeid. Vi har i dag fleire enn for to år sidan som mottek sosialhjelp, også gjeld dette busette flyktningar som treng sosialhjelp, som er ei utfordring. Utviklinga dei siste åra viser ei klar auke i tal personar som mottek økonomisk sosialhjelp, noko som ofte speglar breiare levekårsutfordringar og risiko for utanforskap. 

Det vanskelege ligg føre oss

Vi budsjetter med stor auke i lånegjelda. Ved utgangen av 2025 hadde vi 3,4 mrd. i lånegjeld.  Det vedtekne investeringsprogrammet til 2028 krev innsparingstiltak for å dekke inn auka finanskostnader. I perioden fram til 2028 skal vi fullføre investeringar i Albertatunet, Skram skole, brannstasjon i Florø, rehabilitering av Florø barneskole og Gate 1 i Måløy. I perioden 2022 til 2028 kjem vi nesten til å doble rente- og avdragskostnadene. Dette utgjer kring 150 mill. kroner. I dei neste ti åra vil avløpsinvesteringane auke særskilt. Det vanskelege ligg føre oss. 

Øyvind Bang-Olsen
Kommunedirektør