Arkiv er minnet til kommunenLytt til tekstenStopp avspillingArkiva er grunnmuren i eit velfungerande demokrati. Dei gjer det mogleg å forstå tidlegare vedtak, følgje utviklinga i kommunen og sikre innsyn – både i dag og i framtida. I dag blir det meste av dokumentasjonen skapt digitalt, men vi tek òg vare på eldre papirarkiv. Desse inneheld viktig informasjon om eigedom, rettar, tenester og avgjerder som framleis kan ha betydning for innbyggarane våre.Vi har nyleg avlevert arkivverdig dokumentasjon til arkivdepot for langtidsoppbevaring. Slik sikrar vi rettstryggleiken til innbyggarane og legg til rette for openheit og innsyn over tid. Arkiva er avleverte til Kommunearkivordninga i Vestland på Leikanger.Omfang av avleverte arkivLandbruks- og eigedomsarkiv (landbruk, byggesak og oppmåling): 172 hyllemeterPersonregistermateriale (helse- og sosialtenesta): 51 hyllemeterEldre arkiv (før 1964): 11 hyllemeterPrivatarkiv: 11 hyllemeterTotalt: 245 hyllemeter arkivmateriale Publisert 22.12.2025 09.58 Sist endra 22.12.2025 09.58