Grunngjeving frå juryen
Katrine Holvik Skinlo er tenesteleiar for helse og utmerkar seg som ein leiar som skapar tryggleik, trivsel og struktur i ein krevjande sektor. Ho er alltid tilgjengeleg, møter alle med respekt og positivitet, og har ei open dør for dialog og tilrettelegging. Katrine ser kvar enkelt medarbeidar og tilpassar arbeidskvardagen slik at alle får gode vilkår for å meistre jobben.
Ho har gjennomført ei rekkje tiltak som styrkar arbeidsmiljøet:
- Trygt og godt arbeidsmiljø: Ho har etablert forutsigbare rutinar, faste besøksdagar på avdelingane og deltek aktivt i sosiale samankomstar.
- Motivasjon og trivsel: Ho løftar humøret, skapar lagånd og er ei stødig hand i alle prosessar.
- Føre-var-prinsippet: Ho har innført tiltak som reduserer belastning og risiko, som årsturnus, avvikshandtering og etisk refleksjon.
- Endrings- og omstillingsarbeid: Katrine har vore sentral i endringsprosessar ved Måløy legesenter, inkludert innføring av «grønt kors» og systematiske HMS-tiltak.
- Systematikk i HMT-arbeidet: Ho har implementert tilbakemeldingssystem og utvikla rutinar som sikrar kontinuerleg forbetring.
Gjermund Veka er tenesteleiar på bustadkontoret og utmerkar seg som ein leiar som skapar eit trygt, positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Han er alltid tilgjengeleg for støtte og avklaringar, og møter alle med respekt, ro og positivitet. Gjermund er løysingsorientert og handterer utfordringar på ein strukturert måte, noko som gir tryggleik og reduserer belastning i kvardagen. Gjennom sitt engasjement bidreg han til:
- Motivasjon og trivsel: Han løftar humøret, bygg lagånd og får medarbeidarane til å føle seg inkluderte og verdsette.
- Føre-var-prinsippet: Hans tilnærming skapar tryggleik og reduserer stress og risiko for belastningslidingar.
- Systematisk utvikling: Han organiserer arbeidet på ein måte som gir struktur og stabilitet, og sikrar gode prosessar i endring og omstilling. Gjermund sin personlege stil og leiarskap er ein nøkkelfaktor for at avdelinga har eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane trivst og føler seg ivaretekne.