40 ungdommar får sommarjobb i hos oss – i forgårs fekk dei ei lita orienteringLytt til tekstenStopp avspillingI år har vi gleda av å tilby sommarjobb til 40 ungdommar fødde i 2009, 2010 og 2011. Ordninga er kopla mot arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, der målet er å gi ungdom tidleg erfaring med arbeidslivet og styrke tilknytinga deira til lokalsamfunnet. Vi fekk 138 søknadar frå ungdom som ville jobbe hos oss, og i forgårs fekk dei ei orientering i Måløy og Florø.Eit konkret tiltak for framtidaGjennom sommarjobb i kommunale tenester får ungdom høve til å prøve seg i arbeidslivet for første gong. Dei får arbeidserfaring, innsikt i ulike yrke og høve til å utvikle ansvarskjensle og arbeidsglede. Samstundes blir dei betre kjende med tenestene kommunen tilbyr og rolla kommunen har i samfunnet.Stor interesse blant ungdomaneInteressa for ordninga har vore langt større enn venta. Kinn kommune fekk inn 145 søknadar. Opphavleg var det planlagt 14 stillingar, men etter den store interessa klarte kommunen å utvide tilbodet til 40 sommarjobbar.Ungdomane skal arbeide mellom anna i barnehage, pleie- og omsorgstenester, BUA og andre kommunale arbeidsplassar. Dei fleste skal arbeide fire timar om dagen, måndag til fredag, over tre veker i løpet av sommaren.Satsar på dei som ikkje har jobba førKinn kommune har prioritert ungdom som ikkje har hatt arbeid tidlegare. Målet er å gi fleire eit første møte med arbeidslivet i trygge rammer, med tett oppfølging frå tilsette og leiarar. Ungdomane får løn etter tariff og verdifull erfaring dei kan ta med seg vidare.Ordninga er i tråd med kommunen sine verdiar om å vere inkluderande, framtidsretta og opptatt av å skape moglegheiter for innbyggarane. Gjennom slike tiltak investerer vi i ungdomane våre – og i framtida til Kinn. Publisert 04.06.2026 08.05 Sist endra 04.06.2026 08.05