Nordfjordkonferansen - næringslivskonferanse for heile Nordfjord

Nordfjordkonferansen er ein næringslivskonferanse for heile Nordfjord, på tvers av bransjar og næringar. Med tematikken «bu, leve og arbeide i Nordfjord» vil ein få høyre lokale, regionale og nasjonale føredragshaldarar som vil inspirere, motivere og engasjere.

Dato
11. juni 2024
Tid
Varar heile dagen
Stad
Operahuset i Nordfjord

Næringslivskonferansen er open for alle!

  • Foredragshaldarar under Nordfjordkonferansen:
  • Erling Sande – Kommunal- og distriktsminister
  • Jon Askeland – Fylkesordførar Vestland fylkeskommune
  • Helene Frihammer – Regionsdirektør NHO Vestland
  • Lokale aktørar frå Nordfjord: Kristine Dahl, Arild Bødal, Sindre Seppola Reed, Sindre Kvalheim, Knut Tore Nes Hjelle og Randi Humborstad
  • Inge Solheim, ein av verdas leiande adventure- og polarguidar, med over 20 ekspedisjonar til Nordpolen, samt ekspedisjonar til Sydpolen, Sibir, Kazakhstan, Himalaya mfl. vil også halde eit inspirasjonsforedrag. Han leia også ekspedisjonen «Walking with the wounded» til Nord- og Sydpolen saman med Prince Harry for nokre år sidan. Her vart det også laga eit TV-program som vart svært populært i Noreg.


Mats Andersson er konferansier, Sigurd Reksnes vil ønskje velkomen og operasongar Eivind Kandal gjev eit musikalsk innslag.

Det vil bli servert varm lunsj, og noko attåt kaffien.

Arrangørar for konferansen er Inviro i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Nordfjord-kommunane og hovudsponsor er Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Påmelding og meir informasjon finn du på Inviro.no - klikk her.

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
1499