Folkemøte i Florø: Framtidas areal- og naturressursbruk

Den 28. januar inviterer vi deg til folkemøte i Florø for å diskutere korleis vi saman kan finne balansen mellom utvikling og vern av naturressursane våre. Målet er å utvikle løysingar som sikrar både næringsutvikling og ei berekraftig framtid, til det beste for både lokalsamfunn og miljøet.

Dato
28. januar 2025
Tid
18:00 - 21:30
Stad
Festsalen, Florø kulturhus

På møtet deltek representantar frå kommunen, næringslivet og frivillige organisasjonar - og vi er heilt avhengige av innspel frå dykk som bur her for å skape ei framtid vi kan vere stolte av.

Som innbyggarar i Florø er vi heldige som har tilgang på både rik natur og sterke næringslivsaktørar. Samtidig har vi eit stort ansvar for å forvalte desse ressursane klokt. Målet med dette folkemøtet er å lytte til næringslivet og dykk som bur her, og saman finne løysingar som gjer at vi kan møte framtidas behov på ein berekraftig måte.

Med dette møtet ønskjer vi å starte den offentlege prosessen med å fullføre arealdelen, spesielt knytt til næringsareal på florelandet nord.

Vi prøver også med dette å vere tidleg ute med informasjon, og er på tilbodssida med informasjonsmateriell til dykk. Håpet vårt er at så mange som mogleg engasjerer seg og deltek på dette folkemøte om areal- og naturressursbruk i Florø.

Vel møtt!

LES MEIR OM PROGRAMMET HER

Arrangør

Kinn kommune