-
Dato
-
14. januar 2025
-
Tid
-
0:00 - 19:30
-
Stad
-
Måløy rådhus, formannskapssalen
Friskus er ei digital plattform der innbyggarane kan finne informasjon om aktivitetar og arrangement. For kommunen er plattforma eit viktig verktøy for å:
- synleggjere aktivitetstilbod frå t.d. lag, organisasjonar, og kommunen sine tenester
- legge til rette for auka deltaking og inkludering i nærmiljøet
- handtere tildeling av midlar til barn og unge som treng økonomisk støtte for å delta i aktivitetar
- gi lågare terskel til kommunal informasjon og tenester
Program
- Introduksjon til Friskus: Kva er det, og korleis fungerer det?
- Praktisk opplæring: Korleis registrere aktivitetar og lage arrangørsider.
- Rettleiing om tildeling av midlar: Korleis støtte familiar i behov.
- Tips og spørsmål: Moglegheit til å dele erfaringar og få svar på praktiske utfordringar.
Påmelding og praktisk informasjon om samlingane
For å delta, meld deg på innan 10. januar kl. 12.00. Det er lurt å ta med seg eigen PC, og ha klart organisasjonsnummer og ev. kontonummer for organisasjonen din til samlinga.
MELD DEG PÅ
På ettermiddag/kveldstid blir det servering med mat og drikke – for å unngå matsvinn er det fint at de melder dykk på!
Fyll inn e-postadressa di dersom du ønskjer å delta i Teams for å stille spørsmål.
Vi håpar at både tilsette, lag, organisasjonar og alle som bidreg til aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet, ser verdien i denne opplæringa og blir med oss for å skape eit inkluderande og levande nærmiljø!