• Hending

Skjebneval i USA. Foredrag ved Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

Dato

Mandag 14. oktober 2024

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.15

Stad

Florø folkebibliotek

Florø folkebibliotek inviterer til eit møte med dei to tidlegare USA-korrespondentane, Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, knapt 3 veker før valet!
Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå. Dette gjeld både valsystemet, og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane.

 

Det er nok av saker å gripe tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemd abort, internasjonalt samarbeid kontra “America First”. Kven er best eigna, ei svart kvinne, vise-president Kamala Harris, eller ei kvit mann, eks-president Donald Trump?

Denne gongen er det likevel mange som meiner at sjølve det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val.

Alt dette og meir vert det kasta lys over i foredraget, og bidreg til at vi er litt meir opplyste når valet går av stabelen i byrjinga av november.

Arrangementet er i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Folkeakademiet i Sogn og Fjordane.

Gratis inngang!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Florø folkebibliotek