Vi har gjennomført gode samarbeidsøkter med representantar for næringslivet

Denne gjengen har gjennom tre arbeidsøkter vore samla til dialog og diskusjon rundt viktige tema om samfunnsutvikling og tilrettelegging for næringsutvikling.

Tilsette i kommuneadministrasjonen og næringslivet poserer på eit gruppebilde frå formannskapssalen i Måløy - Klikk for stort bileteTilsette i administrasjonen og representantar frå næringslivet var samla på rådhuset i Måløy Kinn kommune


Kommunedirektøren fekk i oppdrag frå formannskapet å gjennomføre ein prosess der ein mellom anna skulle synleggjere tiltak for å auke tal arbeidsplassar, auke bustadsattraktivitet og rekruttering. Dei bad om at ny samfunnsdel skal ligge til grunn for ein nærings- og vekststrategi for Kinn kommune.

Kven har vi hatt med oss?

Prosessen er gjennomført i samarbeid med Aksello, Flora Industri- og næringsforening, Måløy Vekst, Byen vår Florø, Måløy byforening, Visit FjordKysten og Hub for Ocean. I tillegg har vi hatt med oss Øystein Høvig frå Høgskulen i Vestland og Knut Clausen frå Florø VGS som har gitt oss god sparring og eit aldri så lite skråblikk utanfrå.

Tema vi har vore gjennom

Vi har mellom anna sett på ulike faktagrunnlag og moglegheitsrom gjennom casearbeid. Vi har diskutert kva mål og tiltak som er viktig i eit nærinsperspektiv, og vi har diskutert roller og ansvar og korleis vi kan fordele arbeid og oppgåver framover.

  • Kompetanse og arbeidskraft
  • Ein god plass å bu
  • Behov og bruk av areal til ulike formål


Arbeid gjenstår for å få ny samfunnsdel på plass; men ein ting kan vi konkludere med ganske raskt og det er at vi er avhengig av strukturert og tillitsfull dialog for å sikre oss både fleksibilitet og retning i dei store endingane samfunnet står framfor.

Vedtak i formannskapet

Handsaming av kommuneplanens samfunnsdel og planstrategi vert utsett.  Før ny handsaming skal følgande innarbeidast som viktige føringar i planen: 

  • Planen skal ha som eit av sine hovudmål, samt synleggjere tiltak for å auke folketalet i kommunen i åra framover. 
  • Planen skal synleggjere kva tiltak som må gjerast for å auke tal arbeidsplassar, samt bidra til auka bustadattraktivitet og rekruttering til kommunen og næringslivet. 
  • Planen skal legge til grunn at det skal utarbeidast ein nærings- og vekststrategi for Kinn kommune. Næringsselskapa Aksello, Flora Industri- og næringsforening og Måløy Vekst, samt Byen vår Florø og Måløy Byforening vert bedt om innspel til tematikk, innhald og prosess for utarbeiding av strategien. 


Planen skal ta omsyn til vedtekne føringar i handsaminga av økonomiplan og handlingsprogram 2024-2027

Gjennom arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel har vi henta inn ei rekke rapportar og undersøkingar. Dette har vore med å danna grunnlaget for dialogen med næringsaktørane i prosessen og er viktig kunnskapsgrunnlag før vi no ferdigstiller kommuneplanen sin samfunnsdel.