Korleis synst du det er å bu og leve i Kinn? Vi kjem til å spørje deg dei komande to vekene

I løpet av 29. april til 7. mai (vekenr. 18 og 19), vil eit tilfeldig trekt utval av innbyggarane våre få ein SMS frå avsendaren «Kinn Komm.» med ein invitasjon til å delta i ei spørjeundersøking.

Kva handlar undersøkinga om?

Spørjeundersøkinga handlar om korleis du synst det er å bu og leve i Kinn kommune, kor nøgd du er med dei kommunale tenestene med meir. I SMS-en vil det vere ei lenke til å delta i undersøkinga digitalt, og vil sjå slik ut: «https://svar.sentio.no/answer?key=» med 12 tilfeldige teikn bak «=»-teiknet. Alle som vert invitert får ei personleg lenke til å delta, slik at vi veit at berre innbyggarar i Kinn kommune deltar i undersøkinga. Dette er kvifor lenka inneheld 12 tilfeldige teikn på slutten. 

Du kan trygt trykke på lenka

Lenka er trygg å trykke på og sendast ut av Sentio Research på vegner av kommunen. Deltaking i undersøkinga er anonym og frivillig. Samleresultata til Kinn vil samanliknast med andre kommunar av lik storleik. Då kan vi samanlikne korleis innbyggarar i Kinn opplever kommunen samanlikna med inntrykket andre i like store kommunar har av sin eigen kommune.

Sentio Research har gjennomført denne innbyggerundersøkinga i andre kommunar i Noreg sidan 2010 og er utvikla i samarbeid med Nord universitet.

Vanlege spørsmål