Innføring av nye båtruter frå 1. mai

Kinn kommune mottek svært mange innspel og spørsmål knytt til dei nye båtrutene som Vestland fylkeskommune / Skyss innfører frå 1. mai.

Det er fylkeskommunen og Skyss som har ansvaret for båtrutene, og dei bestemmer både fartøy, anløp og rutetabellar. Kinn kommune formidlar innspel og spørsmål til Skyss, men det er ikkje alt ein klarer å svare på umiddelbart.

Det blir ein del endringar på båtrutene frå 1. mai. Både på grunn av nye elektriske båtar i Florøbassenget, endring av ruta til Kystvegekspressen og nytt fartøy på Sildaruta. Med slike endringar følgjer eit behov for informasjon. 

Skyss har laga ei samleside med informasjon om dei nye rutene som du finn her.

Det blir satsa mykje på kysten vår ved innføring av nye båtar og nye ruter, og dette er positivt! Samtidig må vi pårekne at innfasinga av ny teknologi kan gje nokre utfordringar i starten. Vi håper at alle er innstilt på å møte dei nye endringane på ein konstruktiv måte.

Kinn kommune vil også ta opp oppfølging av spørsmål knytt til dei nye rutene på eit grendelagsmøte 21. mai 2024.