Her finn du informasjon over ulike tilskotsordningar i jordbruket.
Kven kan søke?
Det kan gjevast tilskot for drift av beitelag som er registrerte i Einingsregisteret og som har beitedyr i utmark.
For at søknaden skal kunne godkjennast må:
- Beitelaget ha minst 2 medlemmar
- Dyra ha vore minst 5 veker på utmarksbeite
- Beitelaget ha organisert tilsyn og sanking tilpassa lokale tilhøve (minimumskrav er felles ettersankedato for beitelaget/kommunen)
- Beitelaget ha levert inn årsrapport i, eller som vedlegg til, søknaden (årsrapporten kan skrivast i fritekstfeltet i søknaden)
Korleis søke?
Søk om tilskot til organisert beitebruk via Altinn
Meir informasjon
Sjå nettsidene til Statsforvaltaren for meir informasjon
Kven kan søke?
Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksproduksjon i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke. Føretak som er registrerte i andre fylke kan såleis søke om tilskot, dersom dei driv areal eller har dyr på beite i Vestland. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret, og som oppfyller vilkåra som vert stilte i forskrifta, kan søke om tilskot til drift av beitelag.
Kva er regionale miljøtilskot?
Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søke om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og klimarådgjeving. Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår.
Korleis søke?
Søk om regionalt miljøtilskot via Altinn
Meir informasjon
Sjå nettsidene til Statsforvaltaren for meir informasjon
Kven kan søke?
Det er berre dei som mottek produksjonstilskot, eller er registrert med føretak og leiger ut areal, som kan søkje på SMIL midlar.
Føremålet med SMIL-midlane er å fremme natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusere ureining frå jordbruket utanom det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift.
Døme på Smil-tiltak som er aktuelle å støtte:
- Rydde tidlegare kulturmark/beitemark
- Rydding av gamle ferdselårer, støls og driftevegar
- Restaurering av bevaringsverdige bygg etter antikvariske prinsipp
Andre tiltak: skjøtsel/brenning av kystlynghei, dekke over eksisterende gjødsellager, erosjonssikring.
Korleis søke?
Søk om tilskot SMIL-tilskot via Altinn
Meir informasjon
Sjå nettsidene til Landbruksdirektoratet for meir informasjon
Kven kan søke?
Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke om tilskot til avløysing dersom jordbrukaren blir sjuk, har sjukt barn, og i samband med fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking. Dersom jordbrukaren døyr, kan etterlatt ektefelle, sambuar, forelder eller barn søke om tilskot til avløysing for inntil 8 veker etter dødsfallet.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er eit år etter siste dag i den perioden du søker tilskot for.
Korleis søke?
Søk om tilskot til avløysing via Altinn
Meir informasjon
Sjå nettsidene til Landbruksdirektoratet for meir informasjon
Kven kan søke?
Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift kan få støtte til investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområde. Føremålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.
Lag registrert i enhetsregisteret som organiserer næringsmessig beitedrift kan søkje om midlar til tiltak i beiteområdet.
Aktuelle tiltak:
- Sanke- og skiljeanlegg
- Bruer dimensjonert for dyr og folk
- Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
- Gjetarhytter/sankehytter
- Elektronisk overvakingsutstyr
Korleis søke?
Søk om tilskot til tiltak i beiteområde via Altinn
Meir informasjon
Sjå nettsidene til Landbruksdirektoratet for meir informasjon
Kven kan søke?
Jordbruksføretak med vesentleg produksjonssvikt kan søkje om tilskot.
Du kan søkje tilskot for
- produksjonssvikt for bær
- produksjonssvikt for frukt
- produksjonssvikt for grønsaker
- produksjonssvikt for korn og anna frø til modning
- produksjonssvikt for poteter
- produksjonssvikt for grovfôr i føretak med husdyr
- produksjonssvikt for grovfôr i salsproduksjon
Korleis søke?
Søk om erstatning via Altinn
Meir informasjon
Sjå nettsidene til Landbruksdirektoratet for meir informasjon
Publisert 25.08.2023 12.19
Sist endra 15.02.2024 10.47