Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap

Du må søke om skjenkeløyve for eit enkelt høve dersom du skal ha eit arrangement som er ope for alle, og det vert servert alkohol mot betaling, eller dersom alkohol er inkludert i billettpris. Opne arrangement er for eksempel dersom du lager eit arrangement der ein kan melde seg på eller kjøpe billett ved inngang.

Når treng du skjenkeløyve for private selskap? (ambulerande løyve)

Du må søke om skjenkeløyve dersom  du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka lag som til dømes bursdag, bryllaup eller liknande.

Når kan du sleppe å søke om løyve?

Du treng ikkje søke om skjenkeløyve dersom du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol sjølv, eller du serverer alkohol utan å ta betaling.

Kven kan få skjenkeløyve?

  • Søkar må vere fylt 20 år
  • Den som skal vere ansvarleg for skjenkinga må vere fylt 20 år. For alkohol under 22 volumprosent gjeld 18 års grense.
  • Ved søknad om skjenkeløyve ved enkeltarrangement må ansvarleg ha utvist uklanderleg vandel.

Slik søker du:

Du bruker same skjema for både opne og lukka arrangement.

Ved søknad om opne arrangement hentar vi inn vandelsuttale frå politiet på søkjar og ansvarleg for skjenkinga.

Søknadsskjema

Vedlegg til søknad

Skal det arrangerast eit større arrangement, konsert eller festival i offentleg uterom, må følgande dokument leggast ved søknaden:  

Kor lang tid tar det å få svar?

  • Du får vanlegvis svar på søknad om løyve for lukka lag innan ei veke.
  • Ved søknad om skjenkeløyve ved opne arrangement vil vi innhente vandelsuttale frå politiet og evt sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet eller løyvesøkarane. Behandling av slike søknader vil dermed ta noko lenger tid. Søk difor i god tid før arrangementet.

Kva kostar det?

Kommunen har fastsett følgande prisar for einskildløyve

Gebyr 2024 einskild- og ambulerande løyve
Tal gjestar Gebyr
under 50 420,-
50-200 520,-
200-500 1610,-
over 500 3200,-

Gebyr for ambulerande løyve er kr 420,- i 2024. Vi sender faktura.

Kontakt

Bodil Gjerde
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 93 48 70 37
Siv Standal
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 53 01 62