Skram skole

Vi skal bygge ny Skram skole til 250 elevar, med integrert gymsal, og moglegheit for eit seinare påbygg som kan romme 150 elevar.

Statusoppdatering – juni 2026

Det har vore stor aktivitet på byggeplassen ved Skram skole gjennom våren og forsommaren 2026. I løpet av perioden er hovudkonstruksjonen til bygget reist, med montering av stålkonstruksjonar, dekkeelement og prefabrikkerte ytterveggar. Bygget har dermed teke tydeleg form, og skulen er no godt synleg i lokalmiljøet.

Etter at råbygget stod ferdig, blei arbeidet konsentrert om fasadane og førebuing til murararbeid. Samstundes blir takarbeida gjennomførte slik at bygget gradvis har vern mot vêr og vind.

I løpet av juni vert byggekrana teken ned, og arbeidet med å lukke atriet blir gjennomført. Dette markerer at dei største løfteoperasjonane på tomta er avslutta, og at prosjektet går inn i ein ny fase.

Ein viktig milepæl vert nådd i juli då bygget blir definert som «tett bygg». Det betyr at tak og ytterveggar er på plass slik at bygget er lukka mot nedbør og vêrpåverknad. Dette legg til rette for vidare arbeid innandørs uavhengig av vêret.

Vidare utover sommaren og hausten vil arbeidet med utvendig kledning og ferdigstilling av fasadane halde fram. Samstundes vil fleire tekniske og innvendige arbeid starte opp inne i bygget.

Utanomhus vil området etter kvart ta form med vestlandsmurar (naturstein) og andre overflater.

Ei skisse av skulebygget sett frå aust, og korleis bygget blir i terrenget med kringliggande bustader - Klikk for stort bileteSkisse av korleis bygget vil sjå ut i dagens omgjevnader.

Vi har to ulike bildegalleri som viser eksempel på farge- og materialval innvendig og utvendig, og korleis arealet rundt skulebygget er tenkt å bli utnytta. Trykk på ein av dei to punkta nedanfor for å sjå meir informasjon.

Type prosjekt

Nytt skulebygg

Byggestad

Måløy

Bruttoareal

4994m2

Byggekostnad

Alle kostnader inkl. mva. kr. 330,5 mill.

Byggestart og detaljprosjektering

Er under arbeid.

Fullført

Sommar 2027

Prosjektleiar

Vidar Andersen