Ope hus

Bildet av samfunnskoordinator Martine Bortheim som held fram dei nye brosjyrene om ope hus.  - Klikk for stort bilete

Gjennom midlar frå regjeringa si reform «leve heile livet» har Kinn kommune starta eit lokalt tiltak kalt «Ope hus». Dette er ulike kulturelle aktivitetar retta mot vaksne som er heime på dagtid. Aktivitetane finn stad i Florø, og sprikar mellom alt i frå fellesmiddagar, kino, konsertar, foredrag og mykje meir. Ope hus er eit samarbeid mellom helse og velferd, Florø folkebibliotek, Kystmuseet, Havglytt, Florø frivilligsentral og Florø pensjonistlag, og kvar torsdag husar ein av desse stadene Ope hus-aktivitetar. 

Her finn du kulturprogrammet for vinter/vår 2024 (PDF, 14 MB) 

Gratis aktivitetar

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til å delta på Ope hus-aktivitetar. Arrangementa er stort sett gratis, med unntak av dei gongane vi har kinoframsyning til rabattert pris.

Får ein mat på Ope hus?

I nokon høve spanderer vi enkel mat og drikke, som til dømes kaffi og vaflar. Meir informasjon om kvart einskild arrangement kan du lese om i programmet vårt.

Gratis skyss

Det er gratis skyss til/frå alle Ope hus-arrangementa for deg som bur i Florø- og Brandsøyområdet.
For bestilling, ring telefon: 57 75 60 03 innan klokka 12.00 dagen før arrangementet.

Gratis SMS-varsel

Ønskjer du å motta SMS om dei kulturelle Ope hus-arrangementa kvar torsdag? Send oss ei melding med kodeord «info ope hus» til tlf. 979 91 802.

Kor finn ein informasjon om Ope hus?

Faceboook:

Følg vår facebookside: « LEV VEL – kultur for helsa» 

Brosjyrer: 

Brosjyrer finn du hos informasjon og service på Florø kulturhus.
Viss du ynskjer å bestille brosjyrar til institusjon o.l., ta kontakt på tlf. 97 99 18 02.

Har du ein idè, ei tilbakemelding, eller vil du vere med å arrangere Ope hus?

Har du idear til arrangement på Ope hus vil vi gjerne høyre frå deg. Vi ynskjer også tilbakemeldingar for å kunne bli endå betre. Om du ynskjer å vere med å hjelpe til eller arrangere Ope hus, er du velkomen til å bli med på dette. Kontakt samfunnskoordinator på tlf. 979 91 802. 

Prosjektmidlar

I Kinn kommune har vi fått prosjektmidlar gjennom «Leve heile livet-reforma» til lokale tiltak, som vi i Kinn har kalla for «LEV VEL». LEV VEL er prosjektet sitt namn, og inneberer alt i frå aktivitetar ute i lokalsamfunnet, til frivilligheit og miljøarbeid på institusjon. LEV VEL skal gi tilbod til både eldre heimebuande, dei som nyttar seg av dagtilbod og dei som bur på institusjon. Hyppigheita og innhaldet i tilboda varierer noko frå månad til månad.
Dei aktivitetane kor alle er velkomne til å delta på er det vi har kalt for «Ope hus». Ope hus har som tidlegare nemnt aktivitetar på Kystmuseet, Florø kulturhus/biblioteket og Havglytt aktivitetssenter.

Sjølv om reforma siktar seg inn mot eldre, ynskjer vi alle velkomne på våre arrangement. Vi trur nemleg at det å skape møteplassar på tvers av generasjonar gir menneske følelsen av fellesskap kor det gir rom for å lære av kvarandre.

«Vi trur at alle generasjonar har eigenskapar og ressursar som kan vere til nytte for andre». (Ref. Pensjonistforbundet i Norge).

Tidlegare arrangement

Kontakt

Martine Bortheim
Samfunnskoordinator
E-post
Telefon 97 99 18 02