Undom i sommarjobb - ein verdifull start på arbeidslivet!

Ungdom i sommarjobb er eit nytt tiltak i kommunen, og ungdomane viser at dei har arbeidslyst. Det var nær 140 søkjarar, og Kinn kommune har gleda av å ha 40 flinke ungdomar i sommarjobb.

Dei bidreg med viktig innsats i fleire av tenestene våre – mellom anna innan oppvekst, pleie og omsorg, reinhald og vedlikehald på gravplassen. For mange er dette deira første møte med arbeidslivet. Her får dei verdifull erfaring, lærer nye ferdigheiter og blir ein del av eit godt arbeidsfellesskap.

Vi besøkte nokre av arbeidsplassane for å sjå kva ungdomane gjer iløpet av ein arbeidsdag. På gravplassen i Florø møter vi fire unge gutar som har ansvar for vedlikehald. Dei rakar, klipper gras, målar og lukar ugras. Eit viktig arbeid som sørgjer for ein fin og verdig gravplass i Florø by. Andreas Myklebust har også hatt vedlikehald på gravplassen i Svardal, som bygdene Steindal, Svardal og Osen soknar til.

To ungdomar står framfor bygget til Storevatn barnehage - Klikk for stort bileteMatvii og Lotte jobbar i Storevatn barnehage i sommar

I Storevatn barnehage møter vi to ungdomar som også har sommarjobb. Her får dei ta del i arbeidsoppgåvene i barnehagen, øve seg på relasjonsbygging og ta del i kvardagen til den yngre generasjonen.

Gjennom sommarjobb i Kinn får ungdomane erfaringar som dei kan ta med seg vidare i livet, kanskje nokre vert sikrare på yrkesval og Kinn kommune kan rekruttere viktig arbeidskraft for framtida.