No kan du sjølv supplere informasjon om eigedomen din

Kartverket lanserte ei digital løysing 9. februar 2026, der du sjølv kan registrere opplysningar om eigedomen din i Eigedomsregisteret. Alle eigarar og festarar av bustad eller fritidsbustader kan sjølv registrere opplysningar.

Eigedomsregisteret er det nasjonale registeret over norske eigedomar. Der finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigartilhøve.

Kvifor er det viktig å oppdatere desse opplysningane?

Opplysningane som ligg i Eigedomsregisteret blir brukt dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registerer opplysningane i registeret som ein del av sitt arbeid, men enkelte data kan vere mangelfulle eller utdaterte.

No kan du som eigar eller festar gjere ein forskjell. Ved å oppdatere opplysningane om din bustad eller fritidsbustad, bidreg du til å halde informasjonen korrekt. Det kan mellom anna gi deg riktigare vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgifter. Naudetarar, planleggarar og andre aktørar får også betre vilkår for sin avgjerder. 

Slik går du fram

Du kan registrere byggeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane finn du mellom anna i salsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruke din eigen kjennskap til bustaden for å oppdatere opplysningane. 

Eigenregistreringa er frivillig, og går føre seg via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du blir ikkje bedt om å laste opp dokumentasjon.

  1. Gå til Eigedomsregisteret hjå Kartverket.
  2. Logg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som allereie er registrert.
  3. Registrer eller oppdater eventuelle riktige opplysningar.

Opplysningane du registrerer vil ikkje overskrive det kommunen allereie har lagt inn, men dei blir vist parallelt med dei andre eigedomsopplysningane og kan brukast av offentlege og private verksemder.

Kven kan du kontakte dersom du lurar på noko?

Om du har spørsmål om korleis bruke løysinga kan du kontakte Kartverket direkte. 

Oppdagar du feil eller manglar i dei offentleg registrerte opplysningane om eigedomen din, må du kontakte kommunen si matrikkelavdeling for å få dei retta. 

Gå til meir informasjon på Kartverket sine sider.