Mellombels stenging av Hans Blomgate den 22. april grunna arbeid ved Albertatunet

Åsen og Øvrelid skal i gang med elementmontasje på Albertatunet den 22. april (onsdag). I samband med dette vert Hans Blomgate stengt frå om lag kl. 6.30 - 19.00 denne dagen. Dei vil forsøke å legge til rette for transport til og frå naboeigedomane, men generell trafikk vert det stengt for.

Dei ber bebuarar om å køyre opp Markegata frå taxisentralen, for tilkomst til sine eigedomar. For køyrande som leverer barna til skulen er det stengt.

Trygg ferdsel for gåande

Gangvegen i området vil vere open som normalt. Det vert sett opp sperringar der det står parkert semitrailer med betongelement, slik at gåande kan passere trygt forbi anleggsområdet.

Oppmoding om å respektere sperringar

Vi ber alle om å respektere skilting og sperringar som vert sette opp. Det vil vere personell frå entreprenøren til stades, som kontinuerleg vurderer tryggleiken under arbeidet.